Description
Øygarden kommune Sundheimen
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5382 Skogsvåg
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar 60-80% fast stilling natt
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk senest lørdag 14. februar
Vil du bli ein av våre engasjerte medarbeidarar og være med å jobbe i eit spennande team.
Vi søkjer to sjukepleiarar/ vernepleiarar i 80% og 60% fast stilling på natt Sundheimen.
Om avdelinga:
Sundheimen er ein kommunal sjukeheim med heildøgnstenester. Det er 44 pasientar fordelt på to avdelingar og 5 bufellesskap, tre på somatisk og demens. 10 av 20 omsorgssbustader som ligg i nabobygget skal driftast av Sundheimen. Sundheimen og omsorgbustadane har langtidspasientar med komplekse og samansette diagnosar.
Engasjerte medarbeidarar som jobbar strukturert og effektivt og gjerne kjem med innspel til endring er verdifullt i kommunen sitt oppdrag med å tilby berekraftige tenester. Vi har god sjukepleiefagleg kompetanse og med fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande og i ei palliativ fase.
Sundheimen er lokalisert i Skogsskiftet omlag 15 min frå Straume. Det er gratis parkering for tilsette og moglegheit for lading.
Arbeidsoppgåver:
Heilskapleg omsorg
Sjukepleiefaglege oppgåver og ansvar på natt. Palliativ pleie
Ivareta pasientane sine individuelle behov
Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk.
Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid
Handtere velferdsteknologiske løysningar
Halde deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling.
Enklare Laboratorie-arbeid
Kvalifikasjoner:
Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Ønskjeleg med:
Erfaring frå arbeid i eldreomsorg
Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
Du er engasjert og ansvarsbevisst og løysingsorientert
Har gode samhandlingsferdigheiter
Evne til å takle stress og hektiske situasjoner når det er nødvendig
Du er fleksibel, serviceinnstilt og interessert i forbetringsarbeid
Bidra til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive
Anna:
Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000;
- pr. år over gjeldande tariff.
Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000; - pr. år over gjeldande tariff.
Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus på natt får eit ubekvemstillegg på kr 40.000; - ( justert etter st. %)
Stillinga inngår i årsplan med arbeid 16 helger pr. år.
Stillingane er ledig frå 1.februar
Vi tilbyr:
Mentorordnining satt i system
Sjukepleiefaglege utfordringar
Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
Høve til fagleg og personleg utvikling
Rekrutteringstillegg
Gode pensjons - og forsikringsordningar
Gratis parkering og det er mogleg å lade
Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
Kontakt:
Avdelingsleiar, Glenn Bjærum tlf.: 90076112
Einingsleiar, Janne Thode tlf.: 45044569
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads - eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Janne Thode
+47 45044569 +47 56160400
Om bedriften
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Stillingsnummer
64690671-c5cf-48fa-ba7c-37475935d9cc
Sist endret - januar 2026
Hentet fra
visma-easycruit
Referanse
3590587194033nn
Lignende annonser
Sun