Undervisningsstilling I Teknologi Og Industrifag

Askøy videregående skole, Vestland fylkeskommune-Norway

Askøy videregående skole, Vestland fylkeskommune
Søre Myrane 13, 5300 Kleppestø
Om jobben
Stillingstittel
Undervisningsstilling i teknologi og industrifag
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk senest søndag 8. februar
Trivst du med ungdom, er engasjert i faget ditt og opptatt av å sikre gode og kvalifiserte yrkesutøvarar for framtida?
Askøy videregående skole har no ledig fast stilling som lærar på avdeling for teknologi

  • og industrifag. Stillinga er ledig frå 1. februar 2026.
    Askøy videregående skole har omlag 700 elevar og 120 tilsette, fordelt på følgjande utdanningsprogram: Bygg
  • og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, helse
  • og oppvekstfag, teknologi
  • og industrifag, studiespesialisering og påbygging til generell studiekompetanse. I tillegg tilbyr skulen individuelt tilrettelagt opplæring i eigne grupper.
    Vi legg stor vekt på at fagopplæringa er i tråd med behov og krav i arbeidslivet, og at skule
  • og læringsmiljøet skal vere inkluderande, trygt og godt. Skulen fekk i 2023 nye verkstader i det nye bygget vårt, noko som gir oss eit mangfald av moglegheiter. Vi legg vekt på å utvikle inkluderande praksisar, med mål om at alle elevane våre skal få utvikle sitt potensiale, og ha eit godt utbytte av opplæringa. Vi har eit godt samarbeid med næringslivet, og arbeider aktivt med å utvikle dette for å kunne gje elevane våre relevant og god opplæring.
    Arbeidsoppgåver
    Undervising i programfaga på utdanningsprogrammet teknologi og industrifag, i hovudsak på Vg1-nivå.
    Det kan også bli aktuelt med noko undervisning på vg2-nivå på Industriteknologi.
    Oppfølging av elevar og deira faglege, sosiale og personlege utvikling.
    Samarbeid med kollegaer i profesjonsfellesskapet, med opplæringskontor og næringsliv, m.a. om formidling av læreplass til elevane, og med leiinga for å utvikle skulen sitt samla tilbod.
    Å halde seg orientert om utviklinga i bransjen og i fag
  • og yrkesopplæringa, og fagleg oppdatert i eigen praksis.
    Det er aktuelt med kontaktlærarfunksjon i tillegg til undervisning.
    Kvalifikasjonar
    For denne stillinga er det krav om minimum fagbrev og yrkespraksis i fag som er relevant for programområdet.
    Det er ynskjeleg med:
    Fagskule og utdanning som kvalifiserer for tilsetjing som lærar.
    Det vil bli lagt vekt på utdanning/erfaring som kan tilføre avdelinga viktig kompetanse, t.d. innafor maskin, robotisering, automatisering og CNC.
    Undervisningserfaring og arbeid med ungdom.
    Erfaring i bruk av IKT og varierte digitale undervisningsmetodar.
    God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
    Forskrift til opplæringslova - 12-8 skildrar krav for å bli tilsett i lærarstilling i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram i den vidaregåande opplæringa. Fylkeskommunen skal sørgje for at dei som skal tilsettast oppfyller eitt av desse krava:
    a) Du har yrkesfaglærarutdanning. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
    b) Du har universitets
  • eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 180 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter - 12-1. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
    c) Du har faglærarutdanning. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
    d) Du har fag
  • eller sveinebrev eller bestått anna yrkesfagleg vidaregåande opplæring. I tillegg må du ha to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå og fire års yrkespraksis etter fullført vidaregåande opplæring. Slik bakgrunn kvalifiserer for tilsetting i fag som utdanninga eller bakgrunnen er relevant for. Det krevst også pedagogisk utdanning i samsvar med - 12-1.
    e) Du har lærarutdanning med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å gi individuelt tilrettelagd opplæring eller dersom det er ønskjeleg ut frå behova til elevane.
    Dei som ved opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag har fått godkjent kravet om to års relevant yrkesteoretisk utdanning på grunnlag av realkompetanse, oppfyller kravet om to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå i første ledd bokstav d.
    Dersom du manglar delar av utdanningskravet blir du tilsatt på vilkår, og start
  • og sluttidspunkt av utdanninga avtalt med leiar.
    Personlege eigenskapar
    Du er inkluderande i møte med elevane, og oppteken av verdien av mangfald blant elevane.
    Du har god pedagogisk forståing, og har blikk for elevane sine sterke sider.
    Du er engasjert og positiv, og legg til rette for variert undervisning.
    Du tek initiativ til samarbeid, men er òg sjølvstendig i eige arbeid.
    Du er ein aktiv deltakar i profesjonsfellesskapet, og tar ansvar for å utvikle avdelinga sitt samla tilbod til elevane.
    Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar, miljøarbeidarar, lærarar og andre hjelpeinstansar i laget rund