Sogndal kommune

Barne
- og ungdomsarbeidar/ assistent i Nybø barnehage
:
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Det er ledig to stillingar som barne
- og ungdomsarbeidar/assistent i Nybø barnehage. Me held til i Leikanger, om lag 20 kilometer frå Sogndal sentrum.

I barnehageåret som går no, har me 53 barn fordelte på tre avdelingar. Me har to aldersblanda einingar i Fylkesmannsgarden og ei småbarnseining i Sorenskrivargarden.

Begge bygga er frå midten av 1800-talet, med sjel og eit koseleg miljø. Barnehagen ligg fint til i solrike omgjevnadar heilt nede ved fjorden. Her har me kort veg til natur med skog og mark, badestrand, sentrum, idrettshall og andre funksjonar. Temaet for barnehageåret 2025/2026 er friluftsliv og matglede.

Hos oss møter du eit fagleg sterkt miljø med 16 tilsette, og ein god miks i alder. Leiinga består av styrar og assisterande styrar.

No ser me etter ein fagleg og engasjert barne
- og ungdomsarbeidar eller assistent. Du er relasjonssterk og inkluderande, og har lyst til å bli ein del av ein velfungerande barnehage.

Me har no følgjande ledige stillingar:

  • Fagarbeidar/assistent, 100% vikariat 01.08.2026 - 31.12.2026 med moglegheit for utviding til 31.07.2027
  • Fagarbeidar/assistent, 100% vikariat 01.08.2026 - 31.07.2027

Det kan kome fleire stillingar som vert ledige i løpet av våren.

Arbeidsoppgåver:

  • Sikra eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike
  • og læringsmiljø
  • Medverka til gode prosessar i det pedagogiske arbeidet
  • Personalressurs og drift i barnehagen
  • Bidra til eit godt samarbeid med føresette

Kvalifikasjonar:

  • Barne
  • og ungdomsarbeidar, men ufaglærte med relevant praksis kan også søkje
  • Gjerne arbeidserfaring frå barnehage
  • Beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg
  • Menn vert oppmoda om å søkje
  • Personlege eigenskapar og relevant arbeidserfaring vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar:

  • Positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar
  • Fagleg engasjert, tek initiativ og ansvar
  • Evnar å skapa gode relasjonar i barnegruppa med føresette og kollegaer
  • Likar å arbeida i lag med andre
  • Taklar høgt tempo i kvardagen
  • Godt humør
  • Leiken og aktiv
  • Taklar høgt tempo i kvardagen

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø
  • Eit pedagogisk miljø med høgt fagleg nivå
  • Engasjerte og støttande kollegaer
  • Leiarstøtte og opplæring i Sogndal kommune sine program og IT-verktøy
  • Gode pensjons
  • og forsikringsvilkår

Sogndal kommune er stor nok til mangfald, og liten nok til å gje oversikt, tryggleik og nærleik til det meste. I kommunen er det totalt 14 barnehagar, der 11 av barnehagane er kommunale barnehagar.

Du kan bli betre kjend med Sogndal kommune og barnehagen her:
Oppvekst og utdanning - Sogndal kommune
Nybø barnehage - Sogndal kommune

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Politiattest av ny dato må leggast fram før tilsetjing.

Søknadar må leverast innan fristen og sendast via rekrutteringssystemet vårt, Easycruit.

  • Bedrift: Sogndal kommune
  • Søknadsfrist:12.04.2026
  • Ansettelsesform:Fast
  • Bransje:Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:Påkrevet
  • Arbeidserfaring:Ønskelig
  • Adresse: 6863, LEIKANGER
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger:1
  • karriere-kode:6578079
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune:

  • Bedrift: Sogndal kommune
  • Søknadsfrist:12.04.2026
  • Ansettelsesform:Fast
  • Bransje:Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:Påkrevet
  • Arbeidserfaring:Ønskelig
  • Adresse: 6863, LEIKANGER
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger:1
  • karriere-kode:6578079