Spira utvikling AS
Tongane 59, 5590 Etne
Om jobben
Stillingstittel
Administrasjonsansvarleg
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Spira utvikling AS er eigd Etne kommune og Vindafjord kommune. Me er rundt 70 tilsette, og me tilbyr arbeidsretta tiltak for NAV gjennom VTA (24 plassar), AFT (6 plassar) og andre ulike tiltak. Me driv med vaskeri, transport, hjelpemiddelformidling, butikk, snikkar
- og bilverkstad, systove og mykje meir.
Om stillinga:Me søkjer ein strukturert Administrasjonsansvarleg som vil spela ei nøkkelrolle i vår vidare utvikling. Du vil ha oppgåver med fakturering, lønn og anna økonomisk oppfølging, i tillegg til oppfølging av personal. Du vil samarbeida tett med dagleg leiar og tiltaksleiar.
Dine viktigaste arbeidsoppgåver vil vere:

  • Fakturering og økonomisk rapportering
  • Oppfølging av kundar og kontraktar
  • Følgje opp HR-rutinar
  • Møteførebuingar og intern samordning
  • Administrative støttefunksjonar (t.d. møteprotokollar, avtaleforvaltning, personal)
  • Arbeidsrettleiarrolle

Me ser etter deg som:

  • Har erfaring frå liknande rolle innan økonomi og/eller HR.
  • Har god forretningsforståing og innsikt i ulike rekneskapssystem
  • Har gode samarbeidsevner og kan byggja tillit
  • Er trygg i bruk av digitale verktøy og system
  • Har gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Det er ein fordel om du har:

  • Utdanning innan økonomi, HR eller administrasjon
  • Kjennskap til offentleg forvaltning eller attføringsfeltet

Me tilbyr:

  • God opplæring frå Sollaug, som har hatt oppgåvene til no
  • Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag
  • Stor moglegheit til å påverke utviklinga i verksemda
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale (bedrifta har tariffavtale)
  • Pensjons
  • og forsikringsordningar

Politiattest må leggjast fram før tilsetjing!
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med:
Dagleg leiar Kenneth Karlsen tlf: 91336664 eller personalleiar Sollaug R. Eljarvik på tlf: 99540722
Om bedriften
Spira utvikling AS er eigd Etne kommune og Vindafjord kommune. Me er rundt 70 tilsette, og me tilbyr arbeidsretta tiltak for NAV gjennom VTA (24 plassar), AFT (6 plassar) og andre ulike tiltak. Me driv med vaskeri, transport, hjelpemiddelformidling, butikk, snikkar
- og bilverkstad, systove og mykje meir.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Stillingsnummer
48de084b-e46e-468d-89c0-0a0a4535911e
Sist endret
2. januar 2026
Hentet fra
FINN
Referanse
442957012
Lignende annonser
Ledig stilling som einingsleiar - Etne kommune
Einingsleiar for miljøarbeidstenesta - 100% fast stilling
Arbeidsgiver
Etne kommune Helse og omsorg
Sted
Etne
Husholder i virksomhet
Arbeidsgiver
FLAM-BOOKING AS
Sted
Vestland
Likar du service yrker?
Konsulent
Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Ølen omsorgssenter
Sted
Ølen