Ungdomsprest 100%

Øygarden kyrkjelege fellesråd-Straume, Noruega

Øygarden kyrkjelege fellesråd
Austre Skiftedalsveg 25, 5354 Straume
Om jobben
Stillingstittel
Ungdomsprest 100%
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor
Søk senest lørdag 21. februar
Vil du vere med å forme framtida for ungdomsarbeidet vårt?
Brenn du for å leie og inspirere ungdom i trua? Ønskjer du å skape eit levande og inkluderande fellesskap der ungdom kan vekse, utvikle seg og finne sin plass i kyrkja? Vi søkjer etter ein engasjert ungdomsprest som kan ta åndeleg og strategisk leiaransvar for ungdomsarbeidet vårt.
Gjennom undervisning, fellesskap, relasjonsbyggjing og oppfølging vil du vere med å utruste ungdom og medarbeidarar.
Som ungdomsprest blir du ein del av det tverrfaglege teamet i Foldnes sokn, med hovudbase i Foldnes kyrkje. Her får du vere med på eit mangfaldig og aktivt kyrkjelydsarbeid som når ut til alle aldersgrupper.
Foldnes sokn har 8613 medlemmer, der 1660 er under 18 år. Vi jobbar etter visjonen: Di kyrkje for alle dagar.
Du vil samarbeide tett med eit dyktig sokneteam sett saman av sokneprest, diakonimedarbeidar, kyrkjetenar, kyrkjelydspedagog, ungdomsarbeidar og organist. Kyrkjelydane Fjell, Foldnes og Landro samarbeider om delar av ungdomsarbeidet, her vil ungdomspresten ha eit overordna ansvar. I tillegg blir du ein del av «Seksjon for barn og unge» - eit fellesskap av 15 engasjerte medarbeidarar frå heile fellesrådet. Vi møtast jamleg for fagleg påfyll, erfaringsdeling, lagbygging og inspirasjon.
Er du klar for å vere med på å skape eit engasjerande og trygt fellesskap der ungdom kan oppdage og leve ut si kristne tru? Då vil vi gjerne ha deg med på laget!
Arbeidsoppgåver
Åndeleg leiing av ungdomsarbeidet
Strategisk leiing og visjonsarbeid
Involvering av ungdom i gudstenesta
Hovedkontakt for konfirmantåret
Ansvar for konfirmantundervisning i team saman med sokneprest, ungdomsarbeidar og pedagog
Gudstenestearbeid
Leiarutvikling for ungdom
Leirar
Etablere og organisere bibelgrupper eller andre grupper/tiltak for tweens og ungdom
Oppfølging av medarbeidarar knytt til ungdomsarbeidet (tilsette og frivillige)
Planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak og arrangement
Kvalifikasjonar
Vi søkjer ein kandidat som er ordinert prest eller som i nær framtid skal ordinerast til presteteneste i Den norske kyrkja
Erfaring frå arbeid blant unge i kyrkja er ønskjeleg
Gode kommunikasjons

  • og formidlingsevner på norsk, munnleg og skriftleg
    Søkar må vere medlem av Den norske kyrkja
    Søkar må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil
    Den som vert tilsett, må leggje fram tilfredsstillande politiattest i tråd med Trossamfunnsloven - 20)
    Øygarden kyrkjelege fellesråd ønskjer mangfald med omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en, og oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søke stillinga.
    Personlege eigenskapar
    Støttande og visjonær
    Gode relasjons
  • og samarbeidsevner
    Strukturert, sjølvstendig
    Evne til langsiktig tenking
    Initiativrik og ansvarleg
    Vi tilbyr
    Fleksibel arbeidstid
    Spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit stort og kreativt arbeidsfellesskap
    Løn og arbeidstilhøve følgjer tariffavtalar og avtaleverk for kyrkjeleg sektor.
    Pensjonsmedlemskap i KLP
    Anna
    Vi legg vekt på søkarar sine personlege eigenskapar, og at kompetanse og eigenskapar hos dei tilsette i teamet utfyller kvarandre. Kvelds
  • og helgearbeid må påreknast. Administrasjonsspråket i Øygarden kyrkjelege fellesråd er nynorsk.
    Kontaktinformasjon
    Rannveig Vestbøstad Vik, Seksjonsleiar barn og unge, 415 07 011
    Mathilde Dale Løvfall, Personalleiar, 90272703
    Arbeidsstad
    Austre Skiftedalsveg 25
    5354 Straume
    Nøkkelinformasjon:
    Arbeidsgivar: Øygarden kyrkjelege fellesråd
    Referansenr.: 5056045993
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 22.02.2026
    Kontaktpersoner for stillingen
    Mathilde Dale Løvfall
    Personalleiar
    90272703
    Rannveig Vestbøstad Vik
    Seksjonsleiar barn og unge
    415 07 011
    Om bedriften
    «Nær Gud, nær menneske.»
    Slik lyder kyrkja i Øygarden sin visjon. I alt vårt arbeid og i alle våre møte med menneske skal vi både kvile i, og strekkje oss etter denne visjonen.
    Øygarden kyrkjelege fellesråd er eit stort fellesråd, med om lag 40 000 innbyggarar og 28 600 medlemer. Fellesrådet har om lag 50 tilsette som er organisert i fagseksjonar. Dei tilsette er i tillegg delt inn i 5 tverrfaglege sokneteam som samarbeider med kvar av dei 5 sokneprestane og sokneråda i fellesrådsområdet. Fellesrådet yter administrativ og diakonal hjelp overfor 16 tilsette knytt opp mot ungdomsdiakonitiltaket Basecamp, som er eigd av kyrkja, kommunen og Sartor storsenter i fellesskap.
    Takknemlegheit, og det å vere tenande og frimodige i arbeidet er sentrale verdiar i Øygarden kyrkjelege fellesråd. Vi ønskjer medarbeidarar som vågar å reflekterer over om praksisen vår samsvarar med dei verdiane vi forkynner og ønskjer å etterleve.
    Besøk nettsida vår her og bli betre kjend med oss, eller kom innom for ein prat på vårt trivelege kyrkjekonto