Flåmsbana AS
Myrdal Stasjon, 5718 Myrdal
Om jobben
Stillingstittel
Kafemedarbeider
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Skandinavisk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk senest tirsdag 17. februar
Send søknad til
Cafe Rallaren søkjer kafemedarbeidarar for sesongen 2026
Har du lyst på ein spanande sommarjobb i spektakulære omgjevnader på Myrdal stasjon? Då kan dette vere jobben for deg.
Cafe Rallaren tek imot reisande frå heile verda og er ein viktig stasjon for reisande frå Flåmsbana, Bergensbana og Rallarvegen. Me ser etter engasjerte og serviceinnstilte medarbeidarar som trivst i eit høgt tempo og som ønskjer å bidra til gode opplevingar for våre gjester.
I 2025 hadde Flåmsbana ein million reisande, som bidreg til ein stor mengde besøkande til kafeen og Myrdal Stasjon.
Arbeidsoppgåver:
Kundeservice og kassebetjening
Tilberedning av kaffi, te, bakverk og enkle måltid
Dagleg reinhald av kafélokale, vrimlehall og toalett
Halde kafé og lager ryddig, samt ta imot varer som kjem med Flåmsbana
Bidra til eit godt arbeidsmiljø og ein attraktiv arbeidsplass
Kafeen ligg på høgfjellet, og tilsette bur i personalbustad på Myrdal, berre fem minuttar å gå frå arbeidsplassen. Ein må følgje Flåmsbana til Flåm eller Bergensbana til Voss for tilgang på offentlege tenester, forretningar og daglegvarer.
Utanfor arbeidstid er det fantastiske moglegheiter for utforsking av naturen, både til fots og med sykkel.
Arbeidstida er turnus med morgon-, dag

  • og kveldsvakter, alle dagar. Me har behov for medarbeidarar i heile eller delar av perioden 1. april - 31. oktober.
    Send ein kortfatta søknad og CV på e-post, og opplys om kva tidsrom du kan jobbe i perioden.
    Intervju og tilsetting skjer fortløpande.
    Cafe Rallaren is seeking café staff for the 2026 season
    Would you like an exciting summer job in spectacular surroundings at Myrdal Station? Then this could be the job for you.
    Cafe Rallaren welcomes travellers from all over the world and is an important stop for passengers from the Flåm Railway, the Bergen Railway and the Rallar Road. We are looking for engaged and service-minded employees who thrive in a fast-paced environment and want to contribute to great experiences for our guests.
    In 2025, the Flåm Railway had one million passengers, resulting in many visitors to the café and Myrdal Station.
    Work tasks:
    Customer service and cash register operation
    Preparation of coffee, tea, baked goods and simple meals
    Daily cleaning of the café premises, main hall and restrooms
    Keeping the café and storage areas tidy, and receiving goods delivered by the Flåm Railway
    Contributing to a good working environment and an attractive workplace
    The café is in the high mountains, and employees live in staff housing at Myrdal, only a five-minute walk from the workplace. Employees must travel by the Flåm Railway to Flåm or Bergen Line to Voss to access public services, shops and groceries.
    Outside working hours, there are fantastic opportunities to explore nature, both on foot and by bicycle.
    Working hours are based on a shift schedule with morning, day and evening shifts, seven days a week. We need employees for all or part of the period from 1 April to 31 October.
    Interviews and appointments will be conducted on an ongoing basis.
    Om bedriften
    Cafe Rallaren er Flåmsbana AS si eiga kafe på Myrdal stasjon. Kafeen har eit stort antal besøkande, mykje på grunn av dei 700-800 000 reisande som skal til eller frå Myrdal med Flåmsbana. Det er også mange sykkel
  • og turgåarar som besøker kafeen.
    Flåmsbana AS er eit reiselivsselskap med ansvar for produktutvikling, sal og marknadsføring av Flåmsbana, ein av Noregs største og mest spektakulære turistattraksjonar. Flåmsbana AS er eigd av Norway's Best Group AS 50% og Vygruppen AS 50%. Selskapet har 13 fast tilsette og om lag 30 sesongarbeidarar.
    Sektor
    Privat
    Nettsted
    Annonsedata
    Stillingsnummer
    7b82b708-e1e5-43c2-bd28-428ee04128e5
    Sist endret
  • januar 2026
    Hentet fra
    Stillingsregistrering
    Referanse
    7b82b708-e1e5-43c2-bd28-428ee04128e5
    Lignende annonser
    Flåmsbana AS søker stasjonsmedarbeidar for sesongarbeid 2026
    Stasjonsarbeider
    Arbeidsgiver
    Flåmsbana AS
    Sted
    Flåm
    Café Assistant-Kitchen Assistant
    Kjøkkenassistent
    Arbeidsgiver
    Flåmsbrygga Hotell As
    Sted
    Flåm
    Flåmsbana søker hyggelege turistvertar for sesongarbeid 2026
    Turistvert
    Arbeidsgiver
    Flåmsbana AS
    Sted
    Flåm