Descrição
IDI-TH - Norheimsund/Odda klinikkområde, Vestland fylkeskommune
Gamle Dalavegen 15, 5600 Norheimsund
Om jobben
Stillingstittel
Tannpleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk senest lørdag 14. februar
Norheimsund tannklinikkestland tannhelseteneste, Sør-Aust tannhelseområde har ledig 100% stilling som tannpleiar frå 01.05.26. Tenestestad er for tida ved Norheimsund tannklinikk. Norheimsund tannklinikk er ein klinikk for 3 tannlegar og 2,5 tannpleiarar. God pasienttilgang og varierte arbeidsoppgaver. Avgangskull 26 kan også søkje.
Norheimsund er ein tettstad og administrasjonssenter i Kvam herad i Vestland fylke. Tettstaden har 4 619 innbyggere per 1. januar 2023, og ligg 74 km (omlag ein times kjøring ) fra Bergen langs riksvei 7 på nordsida av Hardangerfjorden. Ein av de mest kjente fossane i landet, Steinsdalsfossen (eller egentlig Øvsthusfossen), ligg i Norheimsund.
Norheimsund er eit handelssenter i ytre Hardanger. Norheimsund er også eit trafikknutepunkt, og har båtrutar til Utne og Odda, og bussrutar til Bergen, til Voss, og til Vikøy, Tørvikbygd, Jondal, Strandebarm og Kvinnherad.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.
Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.
Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.
Arbeidsoppgåver
Som tannpleiar hos oss vil du mellom anna:
jobbe i fyrstelinjetenesta og ha ansvar for utadretta verksemd i samråd med klinikkleiar og kollegaer
utføre klinisk arbeid som omfattar alle pasientgrupper, inklusiv vaksne betalande pasientar
halde deg fagleg oppdatert og følge gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt jobbe for å nå målsetnadane til Vestland tannhelseteneste
deltar i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling samt andre felles oppgåver for drifta av klinikken.
Kvalifikasjonar
Du har norsk autorisasjon som tannpleiar
Du må kunne bruke norsk som arbeidsspråk, både skriftleg og munnleg
Du som blir tilsett må ha godkjend politiattest.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
trivst med å jobbe med menneske og set pasienten først
kommuniserer godt og bygger gode relasjonar - både med pasientar, pårørande, kollegaer og samarbeidspartar
er ein lagspelar som bidreg til eit godt arbeidsmiljø
arbeider systematisk og planmessig
har interesse for fagleg utvikling - og deler gjerne kunnskapen din med andre.
Vi tilbyr
ein meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar
ei spanande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
løn etter gjeldande tariff
gode offentlege pensjons
- og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Linda Stadheim Valland, klinikkleiar (tannlege), 45485176
Margareth Simonsen Råen, områdeleiar tannhelse, 99021332
Arbeidsstad
Gamle Dalavegen 15
5600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5070422077
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.02.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Margareth Simonsen Råen
områdeleiar tannhelse
99021332
Linda Stadheim Valland
klinikkleiar (tannlege)
45485176
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobba