Sogndal kommune

Pedagogisk leiar + barnehagelærar i Nybø barnehage:
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du klar for interessante arbeidsoppgåver? No har me ledig eitt års vikariat som pedagogisk leiar og ei stilling i vikariat som barnehagelærar i Nybø barnehage i Sogndal kommune.

Nybø barnehage ligg i Leikanger, omlag 20 kilometer frå Sogndal sentrum. Barnehagen ligg like ved riksvegen med busstopp rett ved.

Nybø barnehage har inneverande barnehageår 53 barn fordelt på 3 avdelingar. Me har to aldersblanda einingar i Fylkesmannsgarden og ei småbarnseining i Sorenskrivargarden. Begge bygga er flotte bygg frå midten av 1800-talet, med sjel og eit koseleg miljø.

Barnehagen ligg fint til i solrike omgjevnadar heilt nede ved fjorden. Nærleik til flott natur med skog og mark, badestrand, sentrum, idrettshall og andre funksjonar. Temaet for barnehageåret 2025/2026 er friluftsliv og matglede.

Nybø barnehage har fleire tydelege satsingsområde som pregar kvardagen og arbeidet vårt.Me jobbar målretta med å sikre ein god overgang frå barnehage til skule, slik at barna får ein trygg og samanhengande start på vidare opplæring.

Samstundes har me fokus på å styrke robuste barn og unge gjennom arbeid med livsmeistring, der barna får utvikle sjølvkjensle, relasjonar og evne til å handtere ulike situasjonar.

Eit inkluderande barnehagemiljø er òg sentralt i alt me gjer, og me arbeider aktivt for at alle barn skal oppleve tilhøyrsle, tryggleik og fellesskap.

I Nybø barnehage får du 16 kollegaer med høg kompetanse, og god miks i alder. Leiinga består av styrar og assisterande styrar.

Me søkjer no etter:

  • 100% vikariat som pedagogisk leiar frå 01.08.2026 - 31.07.2027
  • 100% vikariat som barnehagelærar frå snarast - 31.07.2027.

Arbeidsoppgåver:

  • Sikra eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike
  • og læringsmiljø
  • Ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av det
  • Pedagogiske arbeidet
  • Medverka til gode prosessar i det pedagogiske arbeidet i teamet vårt
  • Fagleg leiing, medleiing og drift av avdeling i barnehagen
  • Bidra til eit godt samarbeid med føresette
  • Ansvar for rettleiing og tilrettelegging for fagarbeidarar, assistentar og lærlingar

Kvalifikasjonar:

  • Godkjend barnehagelærarutdanning, ev. anna høgskuleutdanning som gjev barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse
  • Du må kunne nytte ikt i arbeidet og vere villig til å del i den teknologiske utviklinga
  • Beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg
  • Menn vert oppmoda om å søkje

Personlege eigenskapar vert vektlagde:

  • Positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar
  • Fagleg engasjert, tek initiativ og ansvar
  • Evnar å skapa gode relasjonar i barnegruppa, med føresette og medarbeidarar
  • Gode samarbeidsevner og fleksibel
  • Taklar høgt tempo i kvardagen
  • Godt humør

Me tilbyr ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø med gode høve for å ta del i utvikling av barnehagen, fagleg og personleg. Me har gode pensjons
- og forsikringsordningar og gode velferdsordningar.

Du kan bli betre kjend med Sogndal kommune og barnehagen her:
Oppvekst og utdanning - SOGNDAL KOMMUNE
Nybø barnehage - SOGNDAL KOMMUNE

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Politiattest av ny dato må leggast fram før tilsetjing.

Søknadar må leverast innan fristen og sendast via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

  • Bedrift: Sogndal kommune
  • Søknadsfrist:12.04.2026
  • Ansettelsesform:Fast
  • Bransje:Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:Påkrevet
  • Arbeidserfaring:Ønskelig
  • Adresse: 6863, LEIKANGER
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger:1
  • karriere-kode:6578077
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune:

  • Bedrift: Sogndal kommune
  • Søknadsfrist:12.04.2026
  • Ansettelsesform:Fast
  • Bransje:Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:Påkrevet
  • Arbeidserfaring:Ønskelig
  • Adresse: 6863, LEIKANGER
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger:1
  • karriere-kode:6578077